ABONNEMENTSVILKÅR

Desse vilkåra gjeld for bestilling og bruk av abonnement på Setesdølen, ei samarbeidsavis i Agderposten Medier AS. Som abonnent på Setesdølen har du tilgang til alt digitalt innhald – eAvis og nettside. Papirutgåva blir levert to (2) gonger i veka; tysdag og fredag. Alle abonnentar har tilgang til det elektroniske arkivet vårt med aviser frå 2014 og fram til i dag. Aldersgrensa for å bestille abonnement er 18 år.
For å få tilgang til alt digitalt innhald frå Vest-Telemark blad må du registre deg som digital brukar på setesdolen.no. Fyll inn dei personlege opplysingane og vel eit brukarnamn og eit passord etter eige ønskje.
Du får umiddelbart digital tilgang og dersom du ynskjer papiravisa, får du den innan fire dagar. På Setesdolens Mi side kan du sjølv administrere abonnementet ditt.
Vilkåra gjeld for både privat- og bedriftskundar. Transaksjonen gjer du med:
Setesdølen AS
Tlf. 379 34500
Foretaksreg: 927 832 488
E-post: abonnement@setesdolen.no
Nettside: setesdolen.no
Bankkontonr: 2801 05 49479

Abonnement

Abonnementet vert betalt på forskot og vert fornya til vi ev. får ei oppseiing. Ved fornying blir abonnementet automatisk forlenga med same tidsperiode som førre gong.
Abonnementet betalast med kort (debet-/kredit-) eller faktura og du vil motta ei ordrebekrefting når abonnementet er tinga. Abonnementet skal vere betalt før forfallsdatoen på fakturaen. Vert han betalt etter forfall, vert det lagt til lovbestemt forseinkingsrente. Dersom ein har fått purring og denne ikkje blir betalt før forfall, vert kravet sendt til inkasso, og lovheimla inkassokostnader kan bli lagt til.
Ved oppseiing går abonnementet ut perioden ein har betalt for, men blir ikkje fornya. Beløpet som står att på perioden på oppseiingsdato vert ikkje refundert. Seier ein opp eit rabattert abonnement med bindingstid før utløp, vert det sendt ut eit sluttkrav som svarar til den rabatten (prisfordelen) ein har hatt i perioden før oppseiinga.
Når abonnementsinnbetaling ikkje finn stad, vert avisa stoppa saman med digital tilgang, og det blir sendt ut ei sluttrekning for leverte aviser etter utløp. Kunden kan sjølv velje å stoppe leveringa av papiravisa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller det digitale abonnementet. Angrerettlova gjeld.

Prisar

Gjeldande prisar finn du her. Levering av papiravis er gratis for abonnentar som bur i Noreg. Får du avisa levert i utlandet, kjem Postens portotillegg i tillegg.
Ønskjer du faktura i Posten kjem det eit gebyr på NOK 35 i tillegg per faktura. Brukar ein AvtaleGiro, E-faktura eller kredittkort fell gebyret bort. Ein kan opprette AvtaleGiro på Mi side (menyval ”Abonnement”) eller i din eigen nettbank. Elektroniske trekk som ikkje vert betalt innan fristen får ei betalingspåminning med eit purregebyr i Posten.
Setesdølen har rett til når som helst å endre pris på aktive abonnement. Dei nye prisane vert offentleggjorde i avisa og på heimesida seinast fjorten (14) dagar før dei trer i kraft. Nye prisar gjeld då frå fastsett dato for alle typar abonnement.

Betaling

Du kan kjøpe abonnement eller digitalt dagspass på vtb.no ved å nytte bankkort/kredittkort eller få ein faktura sendt til deg. Når du betalar med kort, vert kredittkortet/bankkortet du registrerte på Mi side belasta for ein ny periode, til du ev. seier opp abonnementet.
Setesdølen nyttar PayEx som betalingsløysing. PayEx støttar Verified by Visa-standarden. Les meir om PayEx på www.payex.no. Betalingssidene er sikra med SSL-sertifikat. Les meir på Let´s Encrypt. Det tyder at du som kunde har ekstra tryggleik når du betalar til Setesdølen.
Skulle betalinga ikkje komme oss i hende, har Setesdølen rett til å stengje digital tilgang og stoppe leveringa av papiravisa straks.

Levering

Primært nyttar Setesdølen Posten som distributør.
eAvisa er tilgjengeleg frå klokka 05:00.
Temabilag er berre tilgjengelege dersom dei er utgjevne av Setesdølen. Innstikk med andre utgjevarar er med andre ord ikkje tilgjengelege i elektronisk utgåve.
Dersom tekniske problem, streik, lockout eller force majeure over fleire enn to døgn hindrar leveringa av avisa, vert dette godtgjort med ei tilsvarande forlenging av abonnementsperioden. Dersom problem med kunden sin eigen nettilgang eller kunden sitt datautstyr/programvare skulle vere årsaka, vert ikkje dette godtgjort.
Endrar ein leveringsadresse skal ein kontakte Setesdølen seinast klokka tolv før førre utgåve. Dette betyr at får me beskjed før kl. 12.00 på måndag, skal endringa du har registrert på Mi side tre i kraft til fredagsutgåva. Du kan sjølv registrere endringane dine på http://les.setesdolen.no. Hugs å registrere adressene dine hjå Posten, slik at du er sikker på å få avisa levert på midlertidig adresse. NB: Har du flytta nyleg, må du registrere flyttemelding og ny adresse hjå Posten, elles kan du risikere at avisa ikkje blir levert av postbodet.

Mi Side

Du logge inn på Mi side for å administrere abonnementet ditt via nettsida til Setesdølen. For å kunne bruke Mi side, må du logge inn med brukarnamn og passord.
Her kan du:
· Omadressere avisa, fast eller midlertidig (om du skal på ferie)
· Midlertidig stoppe levering av papiravisa
· Sjå betalingsopplysingane dine
· Endre betalingsmåte og oppdatere kredittkortopplysingar
· Opprette AvtaleGiro-avtale
· Sende meldingar til oss

Brukartilgang

Den juridiske eigaren av abonnementet er han/ho som har teikna abonnementet. Abonnenten kan vere innlogga på opp til fem (5) einingar samstundes.
Brukarnamn og passord til dei digitale tenestene må ikkje delast med andre enn medlemmer av abonnenten sin husstand. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre enn eigen husstand, eller på annan måte misbrukar Setesdølen sine tenester, har vi rett til å stengje abonnenten sin digitale tilgang og stoppe avisleveringa straks, utan å refundere abonnementspengar som alt er innbetalte.

Rettar

Som abonnent på Setesdølen har du tilgang til alt material, inkludert artiklar, nyheiter, fotografi og video, grafikk og anna som er publisert av Setesdølen. Du kan laste ned og/eller skrive ut ein enkel kopi av materialet til eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbruk er ikkje lov.

Informasjonskapslar

Her kan du lese om vår cookiepolicy.

Behandling av personopplysingar

Ved å akseptera desse brukarvilkåra, samtykkjer du i at Agderposten Medier og partnaravisene, kan behandla personopplysingane dine i tråd med fylgjande retningslinjer og personvernpolicyen vår.

Kva informasjon samlar me inn?

Agderposten Medier og partnaravisene lagrar og brukar opplysingar om namn, fødselsdato, e-post-adresse, gateadresse og telefonnummer - og opplysingar om eventuell annan rekningsbetalar. I tillegg vert det lagra informasjon om bruken av tenestene, også kva tenester du bestiller, kva nettsider som vert besøkte, informasjon om geografisk posisjon og teknisk informasjon om eininga di og internett-tilkoplinga. Me kan velja å samanstilla trafikkdata som er tilgjengelege ved hjelp av cookies med informasjon frå brukarprofilen. Dette gjer me for å tilpassa innhaldet til brukarmønsteret ditt og for å gje deg ei best mogeleg brukaroppleving.

Kva brukar me opplysingane dine til?

Opplysingane vert brukte av Agderposten Medier og partnaravisene for å gjennomføra avtalen med deg og til å førebu og vidareutvikla tenestene. Me behandlar også personopplysingar for å få større kunnskap om brukarane våre, slik at me kan levera tenester, tilrådingar, innhald, annonsar og marknadsføring som er tilpassa deg. I tillegg vil opplysingane kunna verta brukte til analyse for å forstå marknadstrendane og for å avgrensa misbruk av tenestene. Personopplysningane dine vert ikkje vidareselde og vert ikkje brukte til andre føremål, utan eige samtykke til dette frå deg.

Deling av informasjonen din

Agderposten Medier og partnaravisene kan dela opplysingar om din bruk av tenestene med andre selskap eigde av oss og dei avisene me har eit gjensidig partnarskap med. Føremålet er tilsvarande det me har skildra i desse avtalevilkåra. Opplysingane kan utleverast til tredjepart i den grad det er naudsynt for at me skal kunna gjennomføra avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.

Korleis kan du administrera eller sletta informasjon om deg sjølv?

Me lagrar ikkje personopplysingar lenger enn det som er naudsynt for å oppfylla føremålet med behandlinga. Du kan når som helst krevja innsyn i opplysingane og endra opplysingar på Miside. Du kan også krevja at dei vert sletta, med mindre opplysingane er naudsynte for å gjennomføra avtaleforholdet mellom deg og mediehuset der du er abonnent, eller dei er lovpålagde.
Ved å godkjenna desse vilkåra, samtykkjer du også til
personvernerklæringa vår.

Samtykke til marknadsføring

Når du er registrert som brukar hjå Agderposten Medier eller ei av partnaravisene, og når du brukar abonnementstenestene våre, ser me på deg som ein kunde med eit aktivt kundeforhold.
I eit aktivt kundeforhold vil me kunna ringja deg, senda deg e-post, SMS og informasjon i appen vår og på nettsida vår, i tillegg til tilbod og annan relevant informasjon basert på opplysingar me har om deg som kunde. Informasjonen vil vera relevant i forhold til produkta og tenestene våre, og berre vera på eigne vegner.
Marknadsføringa kan innehalde tilbod og informasjon om produkta våre, som til dømes abonnement, nyhendebrev eller tips om korleis ein kan få mest mogleg ut av kundeforholdet.
Dersom du ikkje har eit aktivt kundeforhold til Agderposten Medier eller ei av partnaravisene, vil du berre motta elektronisk marknadsføring dersom du har gjeve særskilt samtykke til det.Dersom du ikkje ynskjer å motta slik marknadsføring kan du reservera deg ved å klikka på linken for å melda deg av denne tenesta.
Dersom du har spørsmål til avtalen, er du velkomen til å kontakta oss: Telefon 37 93 45 00 og epost: kundesenter@setesdolen.no

Endring av vilkår

Abonnementsvilkåra kan bli endra, og dei til ein kvar tid gjeldande vilkåra er oppdatert på https://les.setesdolen.no/vilkar.
Bygland 06.12.2018